Karrierekatapult

Skyss

Jumbotron

Om bedriften

Skyss jobbar for at du skal kunne reise berekraftig frå der du er til dit du skal. For å få dette til, treng vi tilsette med eit breitt spekter av utdanning og kompetanse. Vil du bli ein av oss?

I Skyss får du vere med på å påverke kvardagen til folk som bur i Vestland. Vi har eit komplekst samfunnsoppdrag som krev at vi har mange ulike fagfolk på laget vårt.

Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk. Vi står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke, og vi vidareutviklar mobilitetstenester. Vi er stolte av å vere ein av landets leiande mobilitetsaktørar. Skyss går i tet med å ta i bruk ny teknologi for meir berekraftig mobilitet.

Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring, leiing, rådgiving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse, og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.

https://www.skyss.no/omskyss/jobb-i-skyss/ logo

Skyss

Offentlig administrasjon , Transport / Logistikk / Lager

Arrangement (1)

Hva er Skyss, og hvem jobber hos oss?

6. mars 2026 kl. 13:00

Bærekraft / Fornybar energi / Sirkulær økonomi, Offentlig administrasjon, Transport / Logistikk / Lager