Karrierekatapult
Framtidsfylket Vestland Logo

Klar for å ta steget til Vestland?

11. februar kan du bli kjent med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland. Møt din neste arbeidsgivar i Grieghallen!

Framtidsfylket Vestland bilde for arrangement
Klar for å ta steget til Vestland?

Om arrangementet

Har du lyst til å vite meir om kva jobbar som ventar i Vestland? Meld deg på karrieremessa Ta Steget 11. februar kl. 10.30-16.00 i Grieghallen. 

Meld deg på her!

Møt attraktive arbeidsgivarar

Her har du sjansen til å møte nokre av Vestland sine mest attraktive arbeidsgivarar frå ulike bransjar, og orientere deg om kva karriere du kan skape deg i regionen. Bedriftene du møter på stand vil veldig gjerne bli kjent med deg og knyte kontakt for framtidig jobb 🧡

Forutan spennande bedrifter byr vi på :

  • Goodiebags
  • Premiedryss
  • Traineestillingar
  • Sommarjobb
  • Svelestand
  • Karrierecup

Alt er gratis!

NYHEIT: Karrierecup!

Nytt av i år er at vi tilbyr ein karrierecup der du kan booke personlege jobbsamtaler med interessante arbeidsgivarar. Dette er ei god moglegheit til å presentere deg sjølv, utdanninga di og interessene dine, og til å utforske aktuelle eller framtidige jobbmoglegheiter i bedriftene.

Kvar samtale varer i 25 minutt og går føre seg i eit eige område i hallen. Du som har meldt deg på messa vil få tilsendt eit skjema der du kan krysse av for dei bedriftene du ønskjer å møte, så set vi opp møtene for deg.

Ta Steget!

Dette er dagen du får innsyn i eit variert og innovativt arbeidsliv i Vestland! Kanskje går du derifrå med utsikt til ny jobb, ein sommarjobb, ei traineestilling eller eit samarbeid om studentoppgåve? Ta Steget og meld deg på.

Karrieremessa bli arrangert i samarbeid med Springbrettet.


NB! Merk at påmelding til dette arrangmentet ikkje skjer via Karrierekatapult. Meld deg på her!


Om bedriften

Framtidsfylket Vestland Logo
Framtidsfylket Vestland

PR / Kommunikasjon

1 arrangement

Framtidsfylket jobbar for å skape møtepunkt mellom arbeidsgivarar i Vestland og arbeidstakarar, der målet er at nye arbeidsforhold oppstår. Det gjer vi gjennom å arrangere karrieremesser, fortelje dei gode historiene om arbeidsliv i Vestland, og gjennom å organisere eit av landets mest attraktive traineeprogram. Vil du vere trainee når du er ferdig med studiene? Sjekk ut Framtidsfylket traineeprogram! 


Meld deg på arrangementet
11. februar 2026 kl. 10:30
Grieghallen
500 plasser igjen