Karrierekatapult
Holbergprisen Logo

Bedriftsbesøk hjå Holbergprisen

Er du interessert i å arbeide i brytningsfeltet mellom forskning, kommunikasjon, administrasjon og arrangement? Bli kjent med Holbergprisen sine ulike aktivitetar og aktuelle moglegheiter for studentar og nyutdanna. Mange fagbakgrunnar kan vere aktuelle, og særskilt studentar frå lærarutdanningane.

Holbergprisen bilde for arrangement
Bedriftsbesøk hjå Holbergprisen

Om arrangementet

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

Forutan sjølve Holbergprisen administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen, ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar i den vidaregåande skulen.

Holbergprisen er formelt ein del av Universitetet i Bergen, og har fem administrative og ein fagleg tilsett. I tillegg til dei fast tilsette har vi med jamne mellomrom praktikantar og studentmedarbeidarar, og lyser ut kortare engasjement knytt til logistikk og praktiske førebuingar for Holberguken.

Satsinga på Holbergprisen i skolen gjer at vi er ekstra interesserte i å kome i kontakt med studentar på lærarutdanningane, som har fagleg bakgrunn og interesse for tema knytt til utdanningspolitikk, fagutvikling vidaregåande skule og pedagogikk. I løpet av 2026 er det aktuelt å lyse ut eit masterstipend for studentar som kunne tenkje seg å skrive oppgåve med utgangspunkt i Holbergprisen i skolen.

Program

  • Velkommen
  • Presentasjon av Holbergprisen
  • Tilsette ved Holbergprisen fortel om eigen fagbakgrunn og sine stillingar ved sekretatiatet.
  • Presentasjon av aktuelle utlsyningar på kort og lengre sikt.
  • Holbergprisen i skolen presenterer rammene for nevnte masterstipend.

Praktisk:

Tid: 15.15-16.00


Vel møtt!


Om bedriften

Holbergprisen Logo
Holbergprisen

Offentlig administrasjon

1 arrangement

Holbergprisen er en internasjonal forskningspris som utdeles årlig for fremragende vitenskapelig arbeid innenfor humanistiske, samfunnsvitenskapelige, teologiske og juridiske fag.

Formålet for prisen er å heve disse fagområdene sin status i samfunnet og stimulere interessen for dem blant barn og ungdom.

I tillegg til hovedprisen Holbergprisen, deles også Nils Klim-prisen ut til forskere fra/i Norden under 40 år og vi arrangerer Holbergprisen i skolen, en nasjonal forskningskonkurranse for elever i den videregående skolen.

Holbergprisen finansieres over statsbudsjettet og administreres av sekretariatet ved Universitetet i Bergen på vegne av Kunnskapsdepartementet.

Meld deg på arrangementet
23. mars 2026 kl. 15:15
Fastings Minde, Haakon Sheteligs plass 11. 5007 Bergen
6 plasser igjen